Klokkarsonen Sverre Volle tok dette fotografiet av gutane og jentene som stod konfirmant i Vartdals-kyrkja sundag 6. oktober 1912. Under kjem namna på dei, nemnd i den rekkefylgja dei er innskrivne i ministerialboka.
Gutar: Daniel Remmen [Saltre] (1898-1984), Georg Flåskjer (1897-1964), Hans H. Barstad (1897-1963), Harald Vartdal (1897-1983), Ivar N. Barstad (1897-1936), Jon S. Aarset (1897-1990), Ole A. Barstad (1897-1984), Rikhard Berg (1898-1979), Sverre Rotnes (1898-1983).
Jenter: Anna J. Sætre [Aarseth] (1897-1989), Aslaug E. Vartdal [Moe] (1898-1967), Berte K. Myklebust [Vartdal] (1897-1980), Klara Sætre [Aarset] (1898-1928), Kristine Romestrand [Sætre] (1897-1984) i Dalsfjord, Laura Buset [Hustad] (1898-1979), Lina H. Sætre (1898-1984), Marta P. Myklebust (1897-1967), Olga Sætre [Grimstad] (1897-1990), Olefine Volle [Fiskergård] (1898-1961), Ragna S. Volle [Overå] (1898-1988).
Brage Høyem var soknepresten som konfirmerte ungdomane, han sit midt i andre rad. Underskrivne er sikker berre på identiteten til Marta P. Myklebust, nummer 2 frå venstre i den same rada. Om du meiner å kjenne att nokon av dei andre, skriv ein kommentar.