Meny Lukk

300 år sidan

No førjulstida i 2019 var det 300 år sidan soldatane kom heim til Vartdalsstranda, to av dei etter 10 lange år heimafrå. Tiårskrigen danskekongen hadde ført mot Sverige hadde enda med våpenkvile hausten 1719, fredsavtalen vart elles underskriven i juni 1720, noko som gjer at Elleveårskrigen er ei meir gjengs og formell nemning på den striden Danmark-Noreg kasta seg inn i, etter at den svenske hæren sommaren 1709 vart så godt som knust i Slaget ved Poltava.

Ein veit at tre av vartdalingane i oktober 1719 fekk reise heim med kompaniet sitt, medan minst fire mann var ombord i galeien «Ulysses» til midt i november før dei fekk heimlov. Samstundes tok dei to karane som hadde vore soldatar i ti år, Ola Nilsson Remen og Peder Nilsson Volle, på heimveg. So seint på hausten må ferda heimover ha gått langs kysten med båtskyss. Ola, som hadde utmerkt seg i krigen, skaffa seg jord på Barstad og er stamfar til Remeslekta der. Peder gifta seg med ei enkje på Åkre i Hjørundfjord og var brukar av Bakkegarden, garden der Marita Bett Aakre no huserer.