Meny Lukk

Voldingar, sjå her! -Heltne og Vassbotn

For eit par-tre år sidan fekk Vartdalsstranda Sogelag tilsendt ein pakke med biletkort frå ei framand kvinne i Østfold. Biletkorta hadde ein gong tilhøyrt ekteparet Olav Vartdal (1873-1943) og kona Marta Pedersdotter Heltne (1868-1946) frå Volda. Olav frå Olagarden/Hansgarden i Søre-Vartdal var lærar i Borge i Østfold. Biletkorta, som er frå tida kring 1900, skifta truleg eigar etter den barnlause dottera deira døydde utan livsarvingar.

Sogelaget har ikkje funne vartdalingar i biletsamlinga, så ein trur mest på at dei avbilda personane må vere av slekta til Marta. Mange av bileta er då også tekne av fotografar med base i Volda. Etter grundig etterrøking trur vi at vedlagde foto syner dei seks borna til Jakob P. Vassbotn (1858-1939) og kona Jakobine (1859-1935) frå Heltne, systera åt førnemnde Marta. I så fall er biletet frå 1903-04 og av eldstemann Per, f. 1889, vidare i alder Nilla, Ingeborg, Petra, Astrid og Trygve, f. 1901. Yngstejenta Astrid var gift med Johannes Berntzen-Øye (1896-1973) frå Heimste-Øyane i Vartdal.