Mannsnamnet Rasmus var eit vanleg døypenamn i Vartdal så langt tilbake ein veit, det vil seie 1500-talet. På matrikkelgardar som Barstad, Lynge, Masdal, Årset, Myklebust, Buset og Søre-Vartdal har det vokse opp fleire som har bore namnet Rasmus. Tettast med Rasmusar har det likevel vore i Festøya og på Sætre. I den tobølte Festøya var ein eller annan Rasmus å treffe frå midt på 1700-talet og i to hundreår framover. På Sætre er det Gullike- og Haue-folk som har fostra flest Rasmusar. I mellomkrigstida levde Rasmus O. Sætre og to stk Rasmus J. Sætre, alle fødde i tida 1885-98, på Sætre. For å skilje dei, vart dei kalla Rishaug-Rasmus, Gullike-Rasmus og Haue-Rasmus. Haue-Rasmus og farbroren Rishaug-Rasmus budde begge på Rishaugen, grannar på småbruket Myrhaug. Ingen av desse skal klandrast for at namnet, etter 1920-åra, har vore usagt ved døypefonten i kyrkja. For det er ikkje noko særskilt for Vartdal at Rasmus har vorte «utrydda», det skjedde omtrent samstundes i andre Sunnmørs-bygder der namnet var vanleg. Kor mange Rasmus som har vorte gravlagde på Vartdal kyrkjegard skal ikkje seiast sikkert, ikring 15-20. Rasmus Jetmundsson Sætre, oldefar til underskrivne, var den fyrste i 1882, nær inn til langveggen mot fjorden. Og om nettstaden dis.norge er å stole på, så er Rasmus Romestrand (1895-1969) den siste. Han var elles gift med enkja etter Haue-Rasmus på Myrhaugen.