Spanskesykja i Vartdal Magne Ivar Sætre 28. februar 2020 Nyheiter Tidlegare i denne veka var det 100 år sidan 19-åringen Kornelia Lynge og farmora Kanutte på 80 vart gravlagde på Vartdal kyrkjegard. Kornelia var den femte og siste personen i Vartdal herad som let livet under spanskesykja, ein pandemi som herja i bygdene her i halvtanna år. Mange andre vart råka av sykja, nokre hadde mein av henne livet ut. Det var yngre menneske som vart sjuke, nesten ingen hadde fylt 40 år. Kornelia sit til høgre på biletet, sogelaget kjenner ikkje namnet på den andre jenta. Kjelde: Fylkesfotoarkivet.mrfylke. MerketLynge, Sjukdom Innleggsnavigasjon Forrige Forrige innlegg: Nikka og JennyNeste Neste innlegg: Samnanger og Ivagarden Volle