Meny Lukk

Grønlandsenkjene

I 1950-60-åra fanst ei gruppe menneske i Vartdals-bygdene som vart omtalt med fellesnemninga «grønlandsenkjene». Det var gifte kvinner med ein ektemake som i lange periodar henta mykje av inntekta si frå linefiske på fiskebankane i den vestre delen av Nord-Atlanteren, særleg ved Vest-Grønland. I månadsvis om gongen hadde desse kvinnene tilnærma eineansvar for born og heim, mykje godt utan høve til å rådføre seg med mannen sin. Grønlandsenkjene var kvinner fødde frå kring 1900 og til litt inn på 1940-talet. I dag er vi komne dit at berre eit fåtal er att av dei som høyrde til gruppa av grønlandsenkjer. Om nokon vil skrive ein artikkel om desse kvinnene, vil skriftnemnda gjerne høyre frå vedkomande.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *