Den «ukjende» personen på fotografiet på side 26 er Anna Olsdotter Barstad. Far hennar i Ingridgarden døydde sommaren 1912. Dei neste åra budde Anna i Nilsgarden i Nøre-Vartdal, hos folk av næraste slekta, opplyser sonedottera Margun. Hausten 1916 gifta Anna seg med Bakke-Jakob i Nøre-Vartdal. Bakke-Anna døydde i 1931, 39 år gammal.