På fotografiet side 24 skal Johanne og Lina byte plass i rekka. Det er altså Johanne (Pilskog) som står lengst til venstre i rekka, og Lina til høgre for henne. Personen bakarst er ikkje Amund, men broren Andreas som kom vekk då skipet han var om bord i forliste i 1919. Det er Arild, soneson til Amund, som opplyser dette. Han kjenner elles til korleis fotografiet kom i stand. Biletet var ei gåve frå familien til Amund, i samband med at han skulle gifte seg. Amund og Laura frå Andersgarden på Årset vart vigde i Vartdal-kyrkja den 6. februar 1915.