Meny Lukk

Johannes Festøy – Utvikling av samferdsle på Vartdal

Dette er ei Historisk Fordjupningsoppgåve, som er forfatta våren 2018.

Forfattar: Kjartan van Dijk Festøy

Bilete nr. 1: Johannes Festøy (1895-1994)

Innleiing og problemstilling

Når eg for første gong sette meg ned for å finne ut kven eller kva eg skulle skrive om, merka eg raskt at dette kom til å bli svært utfordrande. Mor mi kjem frå Nederland, men har budd i Noreg over halve livet hennar, og familien hennar er i stor grad anten død eller ukjend for meg med unntak av syskena hennar. På far mi si side er det óg eit liknande scenario. Foreldra til far min har vore døde sidan før eg var fødd, og dei har heller ikkje søsken som er i live. Følgjene av dette blir at eg ikkje har nytta muntlige kjelder i noko særlig grad, og kjem til å basere store delar av teksta mi på bygdebøker, samt nokre dokument eg har fått tak i. Men til trass for alt dette, har eg funne ein person å skrive om.

«Johannes Rasmusson Festøy (1895-1994)» er eit namn som kjem til å stå støtt i sunnmørshistoria i mange år framover, der den største bragda han gjorde var å få byggje ut eit ferjeleie på Festøy som enda er i bruk i dag. Målet mitt for denne oppgåva vil vere å ta føre meg livet til min grandonkel Johannes, samt greie ut om korleis han gjekk fram når han skulle byggje ferjeleiet på Festøy. Eg vil i den grad det er mogleg, gjere greie for han, familien og verksemda hans, samt greie ut om utviklinga av kommunikasjonsnettet som utbygginga av ferjeleiet førte med seg. Dette skal eg i stor grad ved å studere bygdebøker, samt bruke dokument som Johannes sjølv har skrive i etterkant av prestasjonane hans.

Johannes sine bragder er noko eg har funne ut av som ungdom, og han står fram som det medlemmet i slekta mi som har bidrege mest til samfunnet han vaks opp i. Desse store bragdene, og resultata av dei er det som har vore bakteppet til inspirasjonen min i oppgåva.

Problemstillinga til oppgåva mi blir då:


«Korleis var det Johannes Rasmusson Festøy fekk bygd ut ferjeleiet på Festøy, og korleis utvikla samferdsla seg som resultat av dette?»

Kjeldekritikk

Kjeldekritikk går ut på korleis ein kritisk skal forholde seg til kjelder. Ein er nødd å forhalde seg til kva tid kjelda blei til, kven som har stått bak kjelda, og kvifor kjelda har oppstått. I denne oppgåva vil eg primært bruke bygdebøker som sekundærkjelde, men eg har óg fått tak i to førstehandsberetningar i form av dokument som er skrivne av Johannes sjølv i slutten av livet hans, der det eine fokuserer på minner frå då han var ung, medan det andre tar føre seg historia til ferjeleiet på Festøy.

Metode for innsamling av informasjon

I denne oppgåva har eg vald å bruke dokumenta frå Johannes som kjelder fordi dokumenta er førstehandsberetningar, primærkjelder og skrivne av Johannes sjølv. På dette grunnlaget har eg stor tiltru til informasjonen som blir gitt i dokumenta. Vidare, so verkar det som det er faktabasert i og med at han til ein viss grad kjem med reine fakta eller detaljar om hendingar, men ikkje i den grad at eg blir skeptisk.

I tillegg til dette, vil eg bruke det historiske verket «Vartdalssoga» som sekundærkjelde. Verket er delt opp i fire bind, og tek føre seg det meste som har skjedde på Vartdal gjennom tidene. Bøkene er stort sett delt i to, der dei anten fokuserer på allmennsoga, eller ættesoga.

Ved å bruke dokument som er skrivne av Johannes sjølv, vil eg få den tolkinga av situasjonen som eg meiner vil vere best, i og med at dei skildrer i noko grad korleis han følte seg under prosessen. Men samstundes er desse kjeldene litt einsretta, sidan det kan vere ting Johannes av ulike grunnar har valt å utelate.

Svakheita ved å bruke sekundærkjelder som bygdebøker i denne oppgåva, vil vere at dei er svært objektive og fokuserar ofte kun på den konkrete hendinga. Samstundes som dette er ei svakheit, er det ein styrke sidan dei ikkje prøver å påverke i nokon retning.

Biografi

Johannes R. Festøy er fødd og oppvaksen på Festøygarden lengst nord på Vartdalsstranda i Ørsta kommune, eit område sør i Møre og Romsdal fylke i året 1895. Han er eit ledd av ei ætt som har vore busett på Festøygarden sidan slutten av 900-talet sidan området skal ha vore lunare enn bygdene rundt. Foreldra til Johannes var Rasmus Berntson Festøy (1865-1950) og Karen Johannesdotter Kaldhol (1868-1938). Desse hadde til saman 6 born. Frå eldst til yngst var dei:

  1. Betty Festøy, 1891-1961, bonde i Hjørundfjord
  2. Bernt Festøy, 1893-1947, Bonde på Barstad
  3. Johannes, 1895-1994, Bonde på Garden
  4. Emma Festøy, 1897- u.d.
  5. Lars Festøy, 1900-1990 Lærar i Tresfjord
  6. Ingvald, 1907-1996, Pelsdyroppdrettar

Som dei fleste andre som vaks opp på gard tidlig på 1900-talet, brukte Johannes store delar av fritida si til å hjelpe til på garden heime. Til trass for dette er det ingen negativitet å finne i ulike dokument han har etterlate seg. Spesielt eit minne han har skrive ned skil seg ut for meg, og definerer korleis han hadde det som ung.

«Den kvelden hadde eg i tankane å stå tidleg opp om morgonen for å få sjå morgonsola skine over Festøya enda ein gong. Eg greidde det, stå opp og smuga meg ut og gjekk ut i det øvste glaset i stova. Klokka halv fire kom sola opp over fjellet.» (Festøy, 1987 s. 3)

Dette sitatet fortel oss litt om korleis Johannes var som ung. Til trass for å måtte arbeide lange dagar på garden, hadde han vilje og lyst til å kunne stå opp midt på natta for å sjå sola komme opp. I tillegg til dette fortel det oss at Johannes sette pris på dei estetiske sidene i livet.

I åra 1912-1913, når Johannes var om lag 22 år gamal, dreiv han med sildfiske og selfangst i Ishavet. I ettertid har han han fortalt om forholda rundt dette. På denne tida var ikkje radiosamband funne opp, so han fekk ikkje kontakte heimen. I tillegg til dette var butilhøva på båtane svært dårlege og dei var støtt plaga av lus. Men for dette slitet fekk han pengar og han fekk stetta eventyrtrongen som mange unggutar hadde på denne tida.

I åra etter han kom heimatt frå Ishavet, finst det ikkje kjelder på nøyaktig kva Johannes gjorde i perioda 1913-1929, men truleg hjalp han til på garden heime på Festøy. Men det vi veit er at han i denne perioda møtte ei kvinne ved namn Petra Ivarsdotter (1901-1999) frå Volle i Barstadvik. Petra og Johannes blei etter kvart svært glade i kvarandre og dei valde å gifte seg i 1926. Paret fekk til saman 4 ungar dei komande åra. Desse var:

  1. Kirsten (1927- d.d)
  2. Reidar (1929-1931)
  3. Jorunn (1933-1981)
  4. Ragnhild (1937- d.d)
Bilete nr. 2: Familien til Johannes. F.v: Petra, Kirsten, Jorunn, Ragnhild og Johannes. Bilete tatt om lag 1950-55

Som ein ser, so døydde det andrefødde bornet deira, Reidar, i ein alder av berre to år. Ifølge munnlege kjelder skjedde dette truleg fordi bornet var fødd med ein feil eller ein sjukdom, men dette kan verken bekreftast eller avkreftast.

I 1929 tok Johannes over jobben som postopnar ved Festøy postopneri, og denne stillinga hadde han til postopneriet blei lagt ned i 1967. I tillegg til dette var Johannes aktiv innanfor pelsdyroppdrett, der han og yngstebroren, Ingvald sto sterkt saman når dei dreiv med sylvrev på 30-40 talet. Etter andre verdskrig skulle verdien av sylvrevskinn gå ned so mykje at Johannes valgte å trekke seg frå næringa, medan Ingvald byrja med minkoppdrett i staden.

Samstundes som han dreiv med oppdrett på 30-talet, byrja Johannes å få tankar om å byggje ut eit ferjeleie på Festøy, dette skulle seinare stå ferdigstilt i 1947. Johannes dreiv ferjeleiet åleine fram til 1964, då tok staten over medan Johannes blei lønt ekspeditør fram til 1967. Og for dette pioneerarbeidet fekk han Kongens fortjenestemedalje den 01.07.1975.

Etter at postopneriet blei lagt ned i 1967, pensjonerte Johannes seg og levde resten store delar av det gjenståande livet sitt på garden på Festøy saman med Petra. Etter kvart blei han lagt inn på gamleheimen på Vartdal. Her var han til han døydde i 1994, 99 år gamal.

Samferdsla før ferjeleiet

Samferdsle er ein betegnelse som ofta nyttast på næringar som driv transport av varer, personar, gods eller informasjon. Og i tida før ferjekaia vart bygd ut, var det vanskeleg for folk å komme seg frå stad til stad utan båt. Det har ført at samferdsla før 1950 i stor grad er kjenneteikna ved bruken av båt.

Som tidlegare nemnt i oppgåva, arbeidde Johannes ved Festøy postopneri store delar av livet, og medan det var han som hadde dei administrative oppgåvene, måtte nokon levere posten til dei som skulle ha den. Dette arbeidet blei gjort av mannen bak postopneriet, samt far hans, Rasmus Festøy. Det var ikkje lett å få fram posten til alle i bygdene rundt, men spesielt dei som budde på Standal var isolerte. For å kome rundt dette problemet brukte Rasmus båt for å bringe posten innover fjorden, i og med at der ikkje var veg som var egna til bruk av køyrety. I tillegg var avstanden for stor til at ein kunne gjere det til fots.

Det hadde ikkje blitt køyrd bil på Vartdalsstranda før tidleg på 1920-talet, og når det kom var det ikkje lenge før dei første vartdalingane kjøpte seg eigne bilar. Men vegane i området var svært dårlige og vanskelige å køyre. Om forholda langs Vartdalsstranda står det. «Somme gyl på Flåskjerstranda var så knappe at ein nærmast måtte ryggje for å klare svingen.» (Grøvik, 1985) Og for å gjere dette verre var vegen mellom Barstadvik og Ørsta sterkt prega av grinder, der det til saman var over 60 grinder som måtte opnast og lukkast. Men dette viste seg ofte å ikkje vere et problem, sidan det var mange gutungar i bygda som kunne tenke seg å vere «grindagut» mot å få sitte på i bilen.

Bror til Johannes, Ingvald, samt barstadvikaren Ola Erdal (1874-1970), var dei første i bygda som kjøpte kvar sin bil, der det viste seg at Ingvald ikkje fekk løyve til å bruke denne, grunna svært dårlig syn. Erdal på si side derimot, fekk god nytte av bilen sin, som han etterkvart døypte «påskelilja.» Han skal blant anna ha brukt den til å køyre ei ku frå Austefjorden til Barstadvik.

Bilete nr. 3: Ola Erdal og bilen «Påskelilja» på 30-talet

På Vartdalstranda var overgongen frå båt til bil stor, ofte var det tryggare å køyre enn å bruke båt, i og med at ikkje alle nødvendigvis kunne symja. Men det var kun eit fåtal av folket som hadde råd til å køyre bil på 20-talet, og bruken av båt var difor dominant i ei tid enda. For eksempel kunne ein ikkje få posten til Standal ved hjelp av bil før 1967, og fram til da måtte ein bruke båt.

Utviklinga av ferjeleiet på Festøy

Ferjetrafikken over Festøy tok til allereie sommaren 1935 då det var ei lita bilferje med namn «Råna» som frakta bilane over til Festøy. Denne var eigd privat, og gjekk eigentleg ruta Magerholm-Sykkylven, men tok berre fire bilar. Festøyfolket fekk istand ei ordning slik ferja kunne tingast til ekstra turar frå Magerholm til Festøy.

Men det var ikkje noko ferjeleie på Festøy på denne tida, dei hadde eit område der ferja kunne legg til med baugen, men bilane måtte køyre på land på plankar. Etter kvart vart «Råna» lagt vekk, og fram til 1939 kom det ei ny ferje, «Framsteg,» slik som «Råna» hadde gjort før, tok denne berre fire bilar. Dette hadde ført til ei sterk tru og optimisme på at det skulle kome riksveg på strekninga Volda- Festøy, men dette kunne berre skje om det skjedde noko privat på Festøy.

Det var no Johannes verkeleg byrja å tenkje over å byggje eit ferjeleie. Sivilngeniørar frå Ålesund kom til Festøy for å sjå på tilhøva og etter kvart vart det laga planar for kai og ferjetillegg. Planane vart godkjende av havnedirektøren i Oslo, men dei såg at dette kom til å bli eit stort og krevjande arbeid, og dei visste ikkje kvar dei skulle få tak i dei store økonomiske ressursane for å gjennomføre prosjektet. Dette skulle seinare vise seg å bli dekt privat i stor grad.

Men då krigen krigen braut ut våren 1940, blei det rasjonering på alle typer varer, so tempoet på arbeidet gjekk formidabelt ned. Den første delen av arbeidet bestod av å ta ut stein frå området der kaia skulle byggjast. Den andre delen var undervassarbeidet, og til slutt skulle dei sette på plass ferjetillegget.

Vidare var det slik at Pelsdyrnæringa bidrog med å gi Johannes økonomisk støtte til å leige folk som kunne arbeide på kaia, og truleg hadde bror til Johannes, Ingvald, ei sentral rolle her, i og med at han var ein av dei sterkaste innanfor denne næringa på heile Vartdalstranda.

Fram til 1942 gjekk store delar av arbeidet til å ta ut stein, men denne vinteren sette dei i gong med dykkararbeidet. 10. januar kom trandalingen Ole Nes inn i biletet, og han hadde ei stor rolle i utføringa av dette arbeidet. 20 dagar seinare, den 30. januar 1942 vart hjørnesteinen for ferjeleiiet nedlagt.

Det neste Johannes mangla, var god murstein som han kunne byggje sjølve kaia av. Han fekk høyre av nokre bekjente at det var ein kar frå Ertresvåg som tok ut stein, for so å hogge det om til murstein. Han reiste slikleis til Ertresvåg der han fekk møte karen. Her tinga han 100m³ med murstein. Men problemet oppstod då han skulle få denne steinen heim igjen. I krigsåra var det nemlig ikkje so enkelt å reise frå ein stad til annan, spesielt ikkje med last på denne størrelsen. Men Johannes fekk tak i ein slepebåt, og klarte etterkvart å få steinen trygt heim.

Dei siste åra i krigen gjorde det svært vanskeleg å kome seg vidare i arbeidet med kaia. Rasjoneringa blei gradvis hardare med tida, og ressursar som olje og kol blei nesten umogleg å få tak i, dette trong tyskerane sjølve. I løpet av våren 1945 var forholda spesielt krevjande. Bombing og uro gjorde det vanskeleg å reise til Ertresvåg for å skaffe stein, men dei klarte det likevel.

Arbeidet på kaia heldt fram til 1947, då fekk dei satt på plass dei siste tinga som bil-lem og tillegg for ferje. Dette blei godkjent av vegstellet til M&R fylke, og 4. juli 1947 vart kaia offisielt opna, og den første bilen køyrde om bord på ferja B/F «Frigg.»

For å betale dei relativt store utgiftene til ferjeleiet, brukte Johannes truleg ein del av sine eigne pengar. Han stod økonomiskt sterkt på denne tida, i og med at han tidlegare hadde tent gode pengar på sylvrevsoppdrett saman med Ingvald.

Bilete nr. 4: Ferjeleiet på Festøy i 1962, slik Johannes bygde det

Samferdsla i ettertid av ferjeleiet

Den no ferdigstilte ferjekaia gjorde at biltrafikken i regionen auka, men det var berre eit problem. Vegen mellom Festøy og Vartdal var smal og svært dårleg. Den var so dårleg at folk nærmast var redde å køyre den med bil. I tillegg til dette byrja samferdselsnemda i Ålesund eit arbeid for å byggje eit betre ferjesamband. Det var dette som etter kvart skulle bli ferjesambandet Hareid-Sulesund.

Johannes høyrde om desse planane, og diskuterte dei med Ola Erdal, ein pioner innan sylvrevsoppdrett på Vartdalsstranda, samt den første som hadde eit eige kraftverk i Barstadvik. Erdal var politisk aktiv, og sat på denne tida i samferdselkomiteen i Vartdal kommune. Han arbeidde ei stund med dette og kalla straks inn samferdselsnemda på Søre Sunnmøre til møte i Ålesund. Etter ei lengre drøfting av saka, blei det i januar 1948 vedteke at det skulle byggjast eit ferjeleie på Solavågen, i og med at her var planlagt riksveg. Solavågen ferjekai stod ferdig i juni 1950.

Bilete nr. 5: Utviklinga av ferjetrafikken i perioda 1935-1968

Tida før og etter Solavågen stod ferdig skulle vise seg å vere svært vanskelig for mange. Ferjetrafikken auka stadig, men vegen som bilane skulle køyre på var «kronglete, smal og livsfarleg å køyra.» (Festøy, u.d)

I tillegg til dette blei det diskutert kvar den vestlandske stamvegen skulle gå. På indre Sunnmøre meinte dei at Stordal, Stranda og Hellesylt var det beste, medan ytre meinte at Volda, Vartdal og Spjelkavik var best grunna at dette området var meir folkerikt, og derfor meir teneleg. Saka kom opp i fylkestinget sommaren 1949, der det viste seg at den indre vegen, Stordal, Stranda, Hellesylt kom til å vinne.

Dei tre kommunene, Volda, Ørsta og Vartdal, fann seg ikkje i denne avgjerdsla og dei byrja å arbeide med å skaffe ein statistikk over folketal, jordbruk, fiske og industri i regionen. Dette gjorde dei slik at dei kunne argumentere mot den ytre vegen. Resultatet av dette blei at det reiste to mann til Oslo hausten 1950 for å ta opp saka med samferdselsnemnda på Stortinget. I første omgang blei vedtaket utsett, og seinare, i 1952, vart det vedteke at den ytre vegen, Volda, Vartdal og Spjelkavik, skulle vere stamvegen over Sunnmøre.

Det vart óg starta eit arbeid på strekninga Festøy- Standal i 1962. Dette arbeidet tok om lag tre år og vart opna for ferdsle i mai 1966.

Saman med dette vedtaket kom óg pengar til vedlikehald av vegen. Dei første midlane kom først i 1954, og vedlikehaldet av vegen byrja straks. Forholda på vegen blei betre og betre med åra og i 1958 blei det sett inn fast bussrute til Ålesund. Ferjene blei bytta ut med ferjer som tok fleire og fleire bilar jevnlig, og biltrafikken auka nesten eksponensielt. Men i 1964 vakna Statens Vegvesen og dei tok til å byggje eit ferjetillegg innanfor det gamle. Med dette fekk Johannes ikkje lenger lov til å vere privat eigar av ferjeleiet, som han no hadde vore i 17 år. Men det var greitt. Og han har skrive:

«Draumen vart til røyndom. Det vart ferjekai på Gjiljeneset og det vart stamveg. Og Festøy vart ferjestaden.» (Festøy, u.d)

Bilete nr. 6: Festøy ca 1966. Privat bilete.

Oppsummering og konklusjon.

Johannes Festøy levde på ei tid og på ein stad der samferdselsnettet ikkje hadde blitt utvikla i noko stor grad. Vegane var ofte svært dårlege, og ofte måtte ein slite for å ta seg fram viss ein ikkje hadde tilgong på båt. På grunn av tilhøva, hadde det lenge vore snakk om å byggje ein riksveg mellom Volda og Spjelkavik, men dette synast å aldri kome i gong. Johannes bestemte seg då for å byggje eit ferjeleie på Festøy, og dette skulle i ettertid vere ein avgjerande faktor i arbeidet for å få riksvegen.

Arbeidet byrja i 1939, og på mirakuløst vis heldt det fram nesten upåverka gjennom krigsåra, og i 1947 stod kaia ferdig og klar til bruk.

Men ein ny fiende var komen på bana. Samferdselsnemnda i Ålesund hadde byrja å lage planar om å byggje ut eit bedre ferjesamband, nemlig Hareid-Sulesund. Men dette skulle vise seg å bli utsett av økonomiske årsaker. Istaden for dette, blei det fremja å byggje eit ferjeleie på Solavågen, og dette blei vedteke med stort fleirtal.

I tillegg til dette kom det eit nytt forslag om ein riksveg som skulle gå via dei indre kommunane i fylket, og ikkje dei ytre. Dette blei i første omgang vedteke, men straks reiste det folk til Stortinget for å få utsetje dette, og seinare fremje eit motforslag. Resultatet av denne dramatiske striden var at strekninga Volda- Spjelkavik blei riksveg. Ørsta og Vartdal kommuner fekk midlar frå staten til å vedlikehalde og bygge ny veg på strekninga, og dette resulterte etter kvart i at trafikken langs Vartdalstranda auka i svært stor grad, og har auka sidan.

Svaret på problemstillinga blir då: Johannes Festøy bygde ut ferjeleiet fordi han følte det var naudsynt å få ein riksveg langs Vartdalsstranda. Det hadde i bygdene rundt lenge vore ønska, men det måtte eit privat tiltak til for å få det til. Johannes og nokre få andre brukte om lag åtte år på få gjort dette.

Etter at ferjeleiet var ferdig i 1947, auka samferdselen i stor grad og spesielt når Solavågen stod ferdig i 1950 eksploderte talet på bilar som køyrde langs Vartdalsstranda. Dette førte seinare til at Stortinget vedtok at her skulle vere riksveg, og bidrog med midlar for å halde den dårlige vegen ved like. Og sidan då har trafikken over Festøy jamnt auka.

6.Kjelder

Bibliografi
Buset, J. (1964). Vartdalssoga Band I. Ørsta: Vartdal Bygdeboknemnd.

Festøy, J. R. (1987). Gode Svein med huslyd! Vartdal: Privat.

Festøy, J. R. (u.d). Johannes festøy fortel om ei historisk hending i samferdsla. Ørsta.

Grøvik, I. (1985). Vartdalssoga. Band III. Allmen soge. Ørsta: Vartdal Bygdeboknemnd.

Myklebust, P. I. (1999). Vartdalssoga. Band IV. Allmenn soge. Gards- og ættesoge. Ørsta: Vartdal Bygdeboknemnd.

Kragset, H. (2012) Selfangst og sildefiske i 1912 fortalt av Johannes Festøy. Henta frå: http://leikong.blogspot.no/2012/08/selfangst-og-sildefiske-i-1912-fortalt.html

Munthe, P (2009) Samferdsel. Henta frå : https://snl.no/samferdsel

Biletkjelder

Bilete nr. 1: Myklebust, P.I (1999) Johannes ved slottet. Henta frå: Vartdalssoga. Band IV. Allmenn soge. Gards- og ættesoge. Ørsta. Vartdal Bygdeboknemnd s. 439

Bilete nr. 2: Ukjent fotograf, (om lag 1950) Johannes og familien hans. Privat Bilete.

Bilete nr. 3: Grøvik, I. (1985) Ola Erdal og Påskelila . Henta frå Vartdalssoga. Band III. Ørsta: Vartdal bygdeboknemnd, s.101

Bilete nr. 4: Buset, J. Ferjekaia i 1962. Henta frå Vartdalssoga. Band I. Ørsta: Vartdal Bygdeboknemnd. S.126.

Bilete nr. 5: Festøy, K.v.D. (2018) Oversikt over tal på bilar som brukar ferjeleiet. Laga basert på talmateriale som Johannes har skrive ned.

Bilete nr. 6: Ukjent fotograf. Festøy om lag 1966. Privat bilete.

Personlig kommunikasjon

Far min, Svein Kjartan Festøy (1948-d.d), son til Ingvald Festøy. Nevø til Johannes Festøy.

3 kommentarer

Kommentarer er stengt.