Meny Lukk

Velkomen til VD-museet si nye nettside

Vartdalbygdene har frå gamal til ny tid vore store innan fiske og fangst. Det er difor naturleg at tanken om eit museum som kunne dokumentere historia til fiske og fangst i bygdene langs Vartdalsstranda, dukka opp. Og, som det ofte er, eldsjeler tek fatt på det praktiske arbeidet. Ein tok til å samle inn gjenstandar frå eldre til nyare tid. Tanken var sjølvsagt at ein med tida kunne stille desse samlingane ut i eit egna lokale, eit museum.

Sogelaget på Vartdalsstranda var sentrale i dette arbeidet. I mangel av noko betre, vart dei innsamla gjenstandane oppbevarte i eit bomberom på Vartdal skule. Her vart det etter kvart trongt, lokalet var langt frå egna som museumslokale.

Og namnet, ja, det vart VD-museet.

Kunne ein så finne eigna museumslokale på Vartdalsstranda? Mange alternativ vart lufta, men ingen ting vart bestemt. Men hausten 2007 vart eit nybygg på Grønnevetmarka lansert. Grunnavtale vart gjort, byggeløyve innhenta, og på årsmøtet våren 2008 vart det vedteke å bygge eit museumsbygg ved fiskarkone-monumentet på Grønnevetmarka. Men dette alternativet var dyrt, og mange var i tvil om ein kunne greie å finansiere bygget.

Men så ville lukka at kommunen skulle bygge ny gymnastikkhall ved skulen.Og på årsmøtet i 2010 kom tanken opp om museum som tilbygg til denne hallen, noko som var eit mykje rimelegare alternativ. Våren 2011 vart det klart at kommunen tek museumsbygget inn i planen for VD-hallen. Sogelaget skulle gjennom ein bruksavtale drifte museet. I tillegg skulle sogelaget, saman med gode sponsorar, finansiere bygget.

Og no gjekk det slag i slag. Utstyr vart kjøpt inn,samlingane vart flytta frå bomberomet til nybygget, og i 2013 vart bygget teke i bruk som museum. Og namnet, ja, det vart VD-museet.